![]() |
|
|
|
|
|
|
|
| Gjennom nordre delen av Sotra er høgdedraga ikkje så markerte, og landskapet er flatare enn lenger sør. Nordsjøløypa går langs vatn og gjennom kystheiar, nokre gonger er den innom små skogsområde. På vegen passerer vi fleire steingardar, bygde som utmarksskilje mellom gardane. Innanfor steingardane fungerte dei gamle gardssamfunna som økonomiske einingar. Ved Solsvika kjem løypa nær havet. | |
|
Lengd:
7-8 km
Løypa frå Ågotnes (1) startar like nordvest for Ågotnes skule. Bussterminalen er like ved, og Ågotneshallen og idrettsbana ligg i nordaust. Det er godt opptrakka naturstig frå skulen og i retning steingarden.
|
|
|
Nordsjøløypestart frå Ågotnes og nordover |
|
|
Steingarden, eit svært markert kulturminne i landskapet, er utmarksskiljet mellom gardane Ågotnes og Vindnes. Når vi har passert steingarden tek løypa til venstre i retning vatnet. Løypa går på merka stig gjennom skogen og langs austsida av Angeltveitsvatnet. Også nord for vatnet held løypa fram gjennom skogen, og går eit stykke tett inntil ein fjellvegg. |
|
| Parti av steingarden på søraustsida av Angeltveitvatnet |
|
|
Ute av skogen ser vi Bleiavatnet i nord og ein steingard som går sørover gjennom dalsøkket til Angeltveitvatnet. Denne steingarden er utmarkskilje mellom gardane Vindnes og Angeltveit (2). Nordsjøløypa går vestover og gjennom grinda i denne steingarden. |
|
|
Utsyn frå vestsida av Bleiavatnet og austover |
|
Vi held fram i nordvestleg retning langs ein annan steingard, frå sørvest-sida av Bleiavatnet og vestover. Denne steingarden er utmarkskiljet mellom gardane Angeltveit og Landro. Løypa går på umerka, men tydeleg stig gjennom lyngheia eit stykke vest for Bleiavatnet. Herfrå ser vi Spjeldsfjellet i sørleg retning, og fjella innover i landet aust for oss. Ved nordenden av vatnet tar løypa nordaustleg retning, og kjem ned til bilvegen i vegkrysset mot Vindenes (3). Vi kan her tilrå ein avstikkar austover mot Vindens, heilt nord til Høybøen, der det er spor etter tufter, gravrøyser, hellegang, åkrar og om lag 55 rydningsrøyser frå jernalderen. |
|
| Inst i Vindnespollen | |
|
Nordsjøløypa følgjer gamlevegen nordetter i retning Landro (4). Like vest for ein viadukt over Landrodalen tek Nordsjøløypa av nordover til Solsvika.
|
|
|
Utsyn søraust for Fuglavatnet der skulevegen gjekk før |
|
| Utmarka mellom nordsida av Fuglavatnet og Solsvika | |
|
Vi kjem opp til
nokre bygningsruinar litt sør for Fuglavatnet, restar etter den gamle
barneskulen for bygdene Vindenes, Landro og Solsvika. Den gamle
skulevegen går på vestsida av Fuglavatnet, medan Nordsjøløypa går
på austsida av vatnet. Fleire stader langs løypa er det god usikt mot
havet, og det er lov å bada i vatnet.
Frå nordsida av Fuglavatnet går Nordsjøløypa vestover i retning Solsvika (5). Nord for oss har vi ein steingard som er utmarksskilje mellom gardane Landro og Solsvika. Nordsjølypa går litt sør for steingarden. Lenger vest kjem løypa saman med den gamle skulevegen til Solsvika, gjennom den gamle bøgarden og inn mot bygda. Først går vi langs vegen på Tjødnahaugen, framme i vegkrysset kan vi følgja Elvebakkvegen ned til hamna. |
|
|
|
|
Frå austsida av
hamna, i Solsvika, går løypa opp eit bratt skar og vidare bort til
nyevegen mot Øygarden, men først går løypa fram mot utsiktsplassen
ved Solsviksundet bru.
|
|
| Solsvika | |
|
Bøgarden mot innmarka på Solsvika |
| Frå utsiktsplassen går løypa over brua og til øya Misje. På Misje (6) følgjer løypa den gamle bygdevegen. | |
|
Misje museum
Misje museum er eit lite bygdemuseum. Museet ligg like ved Misje skule. Museumet er eit typisk vestlandshus, frå ca. 1900, med utstillingar frå dagleglivet, fiske, industri, frå krigsåra 40 – 45, utvandring m.m. på 1900 talet. |
|
| Misje | |
|
Opningstider:
2. kvar sundag kl 15-18 om sommaren og elles etter avtale.
Kontaktpers: På kveldstid: Børge Misje tlf: 56 33 42 06 mob 902 59 770 På dagtid: Misje skule tlf: 56 31 41 60 |
|
|
Misje museum |
|
|
Litteratur: Det stig av hav. Fjell Bygdebok. Band I. Natur- og kulturhistoria fram til 1700. Straume 1996. |
|