![]() |
|
| På
Langøyna på vestsida av Sotra,i ly for vind og sjødrag, finn du
Langøy kystkultursenter – eit opplevingssenter som viser det
tradisjonelle næringsgrunnlaget for busetnaden langs kysten: fiske,
sjøbruk og jordbruk, og handel, post og telefon som attårnæring.
Anders Nilsen Langøen og kona Rakel Hansdottir tok til med landhandel på Langøyna i 1878. Våningshuset er frå 1880, driftsbygning vart bygd i 1935, sjøhusa er frå 1870 og ca. 1900. I 1884 bygde dei bakeri og dreiv dette til 1910. Langøyna vart poststad i 1913, og i 1928 fekk dei telefonstasjon. Anders Nilsen Langøen dreiv også sildesalting på eige salteri og kystfiske. Båtane hans dreiv fiske langs kysten frå Lindesnes til Vestfjorden - feitsild og makrell om sommaren og torsk eller sild om vinteren. Landhandelen vart utvikla i takt med etterspørsla, og folk fekk her det dei trong til det daglege: mjøl, brød, alt i kolonialvarer, kraftfor, kunstgjødsel, såkorn og frø. Landhandelen vart driven fram til i 1973. Tidleg i 1890-åra fekk dei rutesamband med Bergen. Om lag nitti år seinare vart Langøyna knytta opp mot fastlandet med bru over Sekkingstadosen og vegar og bruer vidare til øyane vestanfor – Algrøyna i nord og Lokøyna og Syltøyna i sør. |
![]() |
|
Langøy Kystkultursenter, arrangement ca 1995 Foto: Gudveig LillebøSeglbåt/gammal gavlbåt med segl: eigar Atle Tellnes |
|
|
Stiftinga Langøy Kystkultursenter: Stiftinga Langøy Kystkultursenter vart skipa i 1994. Fleire av bygningane er no restaurerte, bakeriet er tilbakeført til tilnærma opphavleg stand, og det er overnattingsplassar både i Bakerihuset og på butikkloftet. For meir informasjon om overnatting og leige av lokale: Langøy Kystkultursenter: Tlf. 56 33 51 60 Mobil: 90992604 Heimeside: www.langoykystkultursenter.no |
|
![]() |
|
|
Langøy Kystkultursenter. Foto: Gunn Nordal |
|
|
All ferdsel i Nordsjøløypa skjer på eige ansvar. |
|