Klikk her for å laste ned kartet i utskriftsvenleg format (pdf)

   
NB! Løypa er enno ikkje merka som Nordsjøløype

Øyane Herdlevær og Skogsøy ligg på vestsida av Oni. - Heilt ute i havgapet, der skumsprøyten kan stå over brenningar og nakne svaberg når vêret står på. Utanfor ligg fiskegrunnene på rekkje og rad; Børsklakken, Nordre Seiskallen, Søre Seiskallen, Vardegrunnen, Jonsskallegrunnen, Oddegrunnen, Storeskallen, Grunnskallen, Laurdagsskallen med fleire.

 
Frå Hjeltefjorden via nordre og søndre Straumesundet og Geitingen går det fleire båtleier rett til havs. Vikingene nytta desse leiene enkelte ganger når dei skulle til Shetland eller Island.

Egil Skallagrimson vitja i 934 Herdlevær, og før han rømde til Island reiste han nidstong på Hesthaugen og sa fram dette: "Her setter eg nidstang, og vender nidet mot kong Eirik og Dronning Gunhild."

Sommaren 1263 reiste Håkon Håkonson med ein stor flåte denne vegen til Shetland.

Som navnet Herdlevær seier har dette vore fiskevær under kongsgarden på Herdla i historisk tid.

På slutten av 1700-talet og byrgjinga av 1800-talet hadde kjøpmannshuset Amelen, i Bergen, garden.

I dei fyrste tiåra etter 1800 vart dei fleste brukarane sjølveigare på Herdlevær.

Skogstuva forsvarsutkik og méd

Tidlegare var det restar etter ei hytte på Skogstuva, på andre fjell var det liknande restar. Der hadde vaktmannskap halde utkikk etter framande skip og passa på vardane som skulle tennast når fienden nærma seg land.

Nordvest for Skogstuva ligg der ein god fiskeplass for både sei og torsk. 

Skogsøy. Foto: Aud Karin Skagen

Denne finn ein ved å ha Skogstuva i siktelinje mot sørenden av Brakstefjellet.

Fjerdemannshus

I Breiviksundet ligg ennå to sjøbuer, dei liknar på dei gamle fjerdemannshusa. Fjordfolket hadde særskilde fiskarhus langsetter heile havgarden. Fjerdemannshusa sto rett ovanfor flodmålet. Berre på Herdlevær/Skogsøy stod det 20 slike fiskarhus i 1840-åra. Det skal ha vore mange fleire tidlegare. Fjordfolket kom til havs etter fisk, men øygardsfolket fekk fara inn i fjordane og henta heim jordbruks og skogbruksvarer. Fiskarane budde i desse buene under vinterfisket. Fjerdemannshusa på Herdlevær/Skogsøy var eigde og brukte av folk på Toska, Manger, Solend, Kartveit, Husebø og Skjellanger. I Skogsøy stod fiskebuene til folk frå Torska i Manger.

Men ordninga sto ikkje lenger ved lag i midten av 1800-åra. Det skal ha stått seks fiskebuer igjen til slutten av 1800-talet, då dei vart rivne.

Fjerdemannshusa var bygde av tømmer med bordkledning og tekte med never og torv. Dei hadde to rom. Eit forrom eller skut der dei hadde brensel, kaggar og tønner til å salte heimfisk i, og rom for klær og fiskegreier.

Stova var både opphaldsrom og soverom med kokeomn, langbord og benkar. På båe langsider var briskar eller sengjer i 3 høgder. Eit båtlag var vanlegvis på 6 mann. Vindauge var det i eine gavlen og ein glugge i utedøra.

Eigarane av husa betalte ikkje grunnleige etter det vi kjenner til.

Kastevåg

I Breiviksundet, sundet mellom Skogsøy og garden Breivik, ligg ein spesiell kastevåg der fiskarane mellom anna tok sild med landnot. Lengst sør i sundet ligg utsiktsposten "Tempel`n" Midt i sundet ligg ein steinsett kastegard som vart nytta til stenging av sundet.

 

Utsyn frå Skogstuva. Foto: Aud Karin Skagen

All ferdsel i Nordsjøløypa skjer på eige ansvar.