Klikk her for å laste ned kartet i utskriftsvenleg format (pdf)

 
Lengd: 8 – 9 km.

Tidsbruk: 3 - 4 timar.

Parkering: Glesnes skule.

Fottøy: Støvlar

Offentleg kommunikasjon:

Buss: Bergen – Glesnes

Buss: Telavåg - Bergen

 

 

Denne delen av Norsjøløypa går gjennom eitt av dei større urørte områda i Sund kommune. Nærleiken til havet pregar flora og fauna. Terrenget er lett å gå i, og avstikkarar frå løypa kan gje mange fine turopplevingar. I området er det mange vatn og fine høve for padling.

Løypestart (1) er ca. 700 m vestover langs bilvegen mot Golta, ca. 150 m før Golta-brua.

Løypa går ned til vestre enden av Litlatjørna, gjennom opning i steingarden, og mot vest over eit høgdedrag (2). Her har du utsikt mot Golta i sør og Goltasundet mot vest. Kanalen under Goltabrua vart bygd like etter år 1900, og gjorde det mogleg for mindre båtar å passera på innsida av Golta.

På nordsida av høgdedraget kjem løypa saman med ein sti frå Glesnes gard, dette er den gamle stien mellom Glesnes og Telavåg. Løypene går vidare saman ned i Hølen (3). Her ligg eit gamalt sauetøkje, som vart brukt ved innsanking av sauene om hausten. Løypa går langs ein steingard og på vestsida av Goltatjørna.

Du går forbi ein heller (4), som har vore i bruk i steinalderen.

 

Goltasundet sett frå løypa

(Som ein avstikkar frå Nordsjøløypa er det mogeleg å fylgja ein sti vestover langs Goltasundet, der det står fleire gamle fiskebuer.)

Nordsjøløypa går vidare mot nord, og kjem til eit kryss (5) der stiane frå Glesnes, Telavåg, Kausland og Kjeipen møtest. Løypa vidare mot Telavåg går forbi Vassvika, som ligg i vest- enden av Lauvvatnet, og dreiar vestover ca. 200 m før ho går mot nord oppe i Øvre Løten. Her går du gjennom lyngheiar og myrar ned mot eidet (6) mellom Stovevatnet og Sandviksvatnet. Løypa går gjennom ei opning i steingarden og opp ei kløft i den bratte fjellveggen.

Etter oppstiginga frå Stovevatnet kjem du til eit myrlendt område, der du går i nordvestleg retning mot høgste toppen. Dette er eit fint utsiktspunkt. Løypa går i vestleg retning langs høgdedraget mellom Grunnevågen (7) og Selstøvågen (8), før ho bøyer mot nord og går nedover i retning botnen av Selstøvågen.

(Ei alternativ løype, ein avstikkar, går vestom Sandviksvatnet. Der er det funne restar etter ein steinalderbustad. Det er berre ein stad det er råd å koma opp den bratte bergveggen ved Grunnavågen. Denne oppgangen ligg midt mellom vågen og vestenden av den nordre armen av Sandviksvatnet.)

I Selstøvågen kan du studera ei gamal bygdekvern, eit sauetøkje og ei lita steinbu (9). Frå Selstøvågen kan du ta ein avstikkar vest til to gamle fiskebuer, som var dei einaste husa som stod att etter raseringa av Telavåg under andre verdskrigen. Langs grusvegen mot Selstø finn du fleire steinbuer (10).

I Selstø kjem du inn på asfaltert bygdeveg. Du følgjer vegen rett fram og tek til høgre i to vegkryss før du kjem opp til fylkesvegen der du tek til venstre.

Området sør for Vossvik
 
I Telavåg kan du m.a. vitja Nordsjøfartmuseet (11). Frå Buafjellet, som ligg like sørom museet, er det vid utsikt over Telavåg og til utmarksområdet du nett har gått gjennom.

Sandviksvatnet

All ferdsel i Nordsjøløypa skjer på eige ansvar.