Før mellomalderen har vi lite kunnskap om eigedomstilhøva og inndelinga av gardane. Frå mellomalderen og fram mot 1700 – 1800- talet budde eigarane som oftast ikkje på garden sin, men hadde økonomisk utkomme frå denne. Ein gard hadde oftast fleire bruk. Til ut på 1700 og 1800-talet var gardbrukarane ute ved kysten gjerne leiglendingar Men det hende at enkelte brukarar var jordeigarar også før denne tid, som Ivar Vindnes i 1563.

Utover på 1800 talet vart gardane oppdelte i mindre og mindre einingar, og bruka vart etter kvart så små at det var uråd å ha garden som einaste leveveg for ei aukande folkemengde.

Her er nokre fakta-opplysningar om eigarskap til gardane opp gjennom tidene. Dette er ikkje noko utfyllande bilete av eigarskapet, men er teke med for å gi vandraren eit lite innblikk i dette temaet.

 
Ågotnes

På Ågotnes er det funne buplassar frå steinalderen, og det var truleg ein gard her i eldre jernalder. I 1535 var Ågotnes nemnt i jordeboka til den danske adelsmannen Vincens Lunge. Så tidleg som i 1350 kan det ha vore tre eller fire bruk på garden. Bispen i Bergen var jordeigar på Ågotnes i mellomalderen. I 1661 sit Axel Mowat som eigar av Ågotnes. Mowat var av ei skotsk adelsætt som hadde kome til Sunnhordland på 1500-talet. I 1690 vart Ågotnes seld frå etterfølgjarane til Mowat, og garden kom etter kvart i privat eige.

Misje og Ågotnes hadde same eigar frå reformasjonen og fram til ca. 1690. I 1701 er fire brukarar på Vindnes sjølveigarar.

Utsyn frå Spjeldfjellet mot Ågotnes. - Ein dag i disig vér

 
Angeltveit

Angeltveit har truleg vore eige bruk alt i vikingtida. I utmarka nord for Angeltveitvatnet er det funne ei hustuft frå den tida.

Angeltveit er også nemnt i jordebøker, for Munkelivkloster, frå 1427, 1463 og rundt 1480 – 1490. Difor vert den rekna som ein sikker høgmellomaldergard. Vincent Lunge overtok bruket i 1528. I 1699 var Angeltveit bondegods.

 
Vindnes

Det er funne ei rekkje buplassar på austsida av Vindnesstraumen. Dei eldste kan vera frå tidsrommet frå 9700 – 9400 før nåtid. Før landhevinga må her ha vore opne sund heilt til havs, og her må ha vore gode fangstplassar.

Også 3000 – 5000 år før nåtid har området ved Vindnes vore i flittig bruk. Det finst data frå dette området, som kan tolkast slik at her kan ha vore fast busetjing alt i yngre steinalder - med våningshus, husdyr og korndyrking.

Dessutan er det funne fysiske restar etter ein gard som gjekk ut av bruk under svartedauden, i 1350.

Vindnespollen sett frå Vindnes
Innmarka frå denne garden på Høybøen ligg i skråninga opp frå Kåsa, ei vik i Vindnespollen. Åkrane var tilført store mengder jord som har vore henta frå utmarka, dette vert kalla moldbruk.

På berga ovanfor Høybøen låg det fire gravrøyser. Arkeologar har stadfesta at røysene er frå eldre jernalder.

Nonneseter kloster var eigar av Vindnes i mellomalderen.

I 1535 er garden nemnt i den danske adelsmannen Vincents Lunge si jordebok. Det vert opplyst at Vindnes har både ein laksevåg og ein makrellvåg. I 1661 er Kirsten Bilde eigar.

I 1701 er brukarar på Vindenes sjølveigarar.

Sjøbruksmiljøet på Vindnes

   

Landro

Må ha vore busett i høgmellomalderen. Eigar i mellomalderen var Munkeliv kloster. Garden var bondegods i 1661. I 1701 var 6 av brukarane sjølveigarar.

Kulturlandskap på Landro

Solsvika

Garden må ha vore busett i høgmellomalderen.

Øydegard rundt 1520, men var busett i 1611.

Garden har vore i privat eige alt i mellomalderer, og var bondegods i 1661 og 1699.

Garden Solsvika

Misje

Misje har vore busett i høgmellomalderen. Eigar i mellomalderen var Nonneseter kloster. Den danske adelsmannen Vincents Lunge overtok jordegodsa som hadde tilhøyrt Nonnesæter kloster i 1528. I 1661 sit arvingane etter Axel Mowat som eigarar. Kring 1690 vart garden seld, dette var etter Ludvig Rosenkrantz død.

Misje og Ågotnes hadde same eigarar frå mellomalderen til 1690. I 1699 var Misje bondegods.

Solsviksundet, Misje til høgre

Litteratur:

Det stig av hav. Fjell Bygdebok. Band I. Natur- og kulturhistoria fram til 1700. Straume 1

 

All ferdsel i Nordsjøløypa skjer på eige ansvar.