Sotra og Øygarden Forsvarsforening arrangerer open dag på Fjell festning ein gong i året. Sotra og Øygarden Forsvarsforening kan og ha omvisning på Fjell festning på førespurnad frå interesserte.

Det sterkaste festningsverket i Nord-Europa under krigen

Tyskarane starta byggjearbeidet på festninga hausten 1942. Som anleggsarbeidarar brukte dei om lag 1600 russiske, polske og serbiske krigsfangar. På festninga skulle dei ha radar og ein langtrekkjande kanon med tre løp frå slagskipet "Gneisenau". Målet var å kunna kontrollera kyststripa utanfor Sotra og innløpet til Bergen.

Målsatt planteikning av kanontårnet

På under eitt år bygde fangane både kai på Tellnes for å få i land den enorme kanona, veg opp til festningsområdet og sprengde ut stein djupt nedover i fjellet som underbygning for kanonen. Eit spesialbygd 36 hjuls vogntog frakta kanonen opp frå Tellnes kai.

Snitteikning av kanontårnet

 

Den 14. juli 1943 kunne ein tysk marinebataljon på 1100 soldatar, kanonmannskap og eit ingeniørkompani på 100 mann offisielt overta festningen, men arbeidet med å gjera ferdig heile anlegget heldt fram til krigen slutta. I 1968 vart kanonen demontert og gjort om til spikar.

Forenkla lengdesnitt av kanontårnet som viser kanonen i ladestilling og bak denne, den hydrauliske ansetteren

Etter krigen har Fjell festning hatt ulike forsvarsoppgåver, og fungerer i dag som radarstasjon for Sjøforsvaret og øvingsplass for heimevernet.

Snitt på tvers gjennom kanontårnet, dreieskiven og maskinplattformen. Mellom kanonrør nr. 1 og 2 og til høyre for rør 3 sees ammunisjonsheisene

 

   

I dei seinare åra har Sotra og Øygarden Forsvarsforeining lagt ned eit stort arbeid for å rusta opp festningsanlegget og arrangera opne dagar for publikum. Gjennom tre kilometer med gangar og hallar og ei 200 meter lang gate, "Karl Johan", inne i fjellet, har vi her eit realistisk minne om ein dyster tidsepoke.

   

All ferdsel i Nordsjøløypa skjer på eige ansvar.