Å vandra til fots i kystlandskapet er ei oppleving for sjel og sinn. Så langt ut mot havet at du kjenner den salte havbrisen og skumdrevet mot panna, eller så høgt opp mot åsar og rindar at du ser ut over eit mektig havpanorama - eller inn i lune fjordar, viker og sund med furukledde holmar og øyar, eller over den store strandflata, der lyngrabbane og torvmyrane fortel om eit stort kulturlandskap gjennom 5000 år - dette er Nordsjøløypa!

Allemannsretten gjeld i utmark. Der kan du: *Ferdast fritt til fots og på ski, *Rasta og overnatta, *Ri eller sykla på stigar og vegar, *Bada, padla, ro og bruke seglbåt, *Plukka bær, sopp og blomar, *Fiska fritt etter saltvassfisk.

Bruk av kart og kompass

Værvarsel

Klikk på kommunenamna for å gå vidare